28/09/2026
Eit viktig møte for fiskeri- og maritim næring⚓
Det er både viktig og verdifullt når politiske leiarar tek turen ut i distrikta for å lytte til dei som kjenner kvardagen langs kysten. Vi vil difor rose leiinga i Senterpartiet med Trygve Slagsvold Vedum og Geir Inge Lien, for å vere lydhøyr og ta imot innspel direkte.
På eit fellesmøte Fiskarlaget var invitert med på hos HAVILA i Fosnavåg Næringspark løfta styremedlem i Sør-Norges Fiskarlag Martin Leinebø fram fleire saker som er avgjerande for den minste kystflåten, rekrutteringa til næringa og beredskapen langs kysten.
Martin Leinebø takka for muligheta til å dele Fiskarlagets innspel, og her får du gjengitt noko av hovedbudskapen hans i møtet:
- Eg kjem sjølv frå den minste kystflåten. Vi er mange som lever av fiske langs kysten, og som bidreg til arbeidsplasser, aktivitet og busetting i lokalsamfunnet der fiskeria ofte er sjølve grunnlaget for verdiskapinga.
📌Co2 avgift:
For oss så er det ikkje slik at vi har sjans å bunkre i utlandet eller gå innom ei utenlandsk havn for å sleppe unna co2 avgifta.
Norges Fiskarlags klare standpunkt er at heile norske fiskeflåten, ikkje berre dei som har mulighet til å stikke innom ei utenlandsk havn å søke refusjon, bør ha fritak fra CO2 avgifta.
Usikkerhet rundt skatter, avgifter og reguleringer gjer det vanskelig å investere og planlegge for framtida.
For den minste kystflåten handlar dette ikkje berre om den enkelte fiskar, men om grunnlaget for aktivitet ved mottak, leverandørbedrifter og lokalsamfunn langs heile kysten.
Co2 avgifta gjer at marginale fiskeri som ellers ville bidratt til heilårlig drift av både fiskebåtar og fiskemottak i lokalmiljøet ikkje blir lønnsomt å drive med.
🙋🏻Rekruttering
-Eg vill også løfte fram ei utfordring som vi meiner får for lite oppmerksomhet:
Mange ungdommer som trives med praktisk arbeid, og som kunne blitt dyktige fiskarar eller sjøfolk, opplever at dei ikkje kjem inn på naturbruk eller fiske og fangst linjene fordi karakterane fra ungdomsskulen ikkje er gode nok.
Vi må tørre å sjå på utdanningssystemet med nye auge. Næringa treng ikkje berre teoretisk kompetanse. Vi treng også ungdommar med arbeidslyst, praktiske ferdigheter og motivasjon til å skape ei framtid på sjøen.
Dersom vi stenger desse dørene for tidlig, så risikerer vi å miste mange framtidige fiskarar og sjøfolk som både næringa og kystsamfunna våre treng.
🌊Fiskerinæringa si rolle i totalberedskapen
-Vi meiner at sjømatnæringa si rolle i totalberedskapen må få større oppmerksomhet. Kvar einaste dag leverer norske fiskarar trygg, sunn og bærekraftig mat frå norske ressursar.
I ei tid der beredskap og matsikkerhet står høgt på dagsorden, bør sjømatnæringa bli løfta fram som ein viktig del av den nasjonale beredskapen.
Vår oppmoding til Senterpartiet i dag er:
👉Reduser kostnadspresset på næringa.
👉Sørg for stabile og forutsigbare rammevilkår.
👉Gi fleire unge med praktiske talent ei reell mulighet til å velje fiskeriutdanning.
👉Prioriter tryggleik og beredskap langs kysten, og legg til rette for ei kunnskapsbasert og helhetlig forvaltning av ressursene i havet.
Då kan vi sikre arbeidsplasser, matsikkerhet, beredskap og levande kystsamfunn også for framtidige generasjonar.
Takk!
Norges Fiskarlag Vestlandsnytt Søre Sunnmøre Fiskarlag Møre og Romsdal Senterparti