Tonstad Bakeri

Tonstad Bakeri Velkomen innom vår produksjon og utsalgssted midt i Tonstad sentrum i Sirdal kommune!

14/03/2026

Frå 7 øre i 1936 til 36kr i dag.
Tidene har endra seg, men handverket er det same.

I år feirar Tonstad Bakeri 90 år, og i tida framover vil me mimra tilbake til gamle dagar❤️
Har du minner frå bakeriet gjennom åra?

Noko ekstra godt til lørdagskosen?😉Me har foccaciabrød i morgen (lørdag). Ring og bestill i dag! 📞38370122Dei er i form,...
13/03/2026

Noko ekstra godt til lørdagskosen?😉
Me har foccaciabrød i morgen (lørdag).
Ring og bestill i dag!
📞38370122

Dei er i form, som formloff.

FREDAG OG HELG!🥨Disken bugnar med bakar- og konditorvarer. Favorittane står i kø og du kan velgje alt frå sunt til søtt....
06/03/2026

FREDAG OG HELG!🥨
Disken bugnar med bakar- og konditorvarer. Favorittane står i kø og du kan velgje alt frå sunt til søtt. Me veit at for nokre blir ikkje fredagskosen den same utan eit wienerbrød. Og for andre blir ikkje laurdagsfrukosten den same utan eit ferskt brød, rett frå ovnen, frå oss. 🥖🥐

Me har fredagar:
- 15 ulike typar bollar og wienerbrød, derav berlinerbolle no mellom nyttår og påske.
- Mjølkebrød, vørterbrød og julebrød.
- Over 14 ulike fine og grove brødsortar.
- God horn, frukostbrød og rundstykker.
- Mykje god lunsjmat i disken.
- Kakestykker, napoleonskaker og sitronterter.
- Gode ferskbrygga kalde og varme drikker og smoothie.
- Iskrem, milkshake og mykje anna godt!
- Frosne glutenfrie varer frå Elda bakeri. Me tiner og smører til deg óg!

Du er hjarteleg velkomen! 🥨💛

Lørdag på bakeriet og me har i dag bl.a.:- Berlinerboller- Mokkakake i disk- Sitronterter, beingebærterter og pasjonsfru...
28/02/2026

Lørdag på bakeriet og me har i dag bl.a.:
- Berlinerboller
- Mokkakake i disk
- Sitronterter, beingebærterter og pasjonsfruktterter.🍋
- Gode kakestykker
- MJØLKEFRIE skulebollar
- MJØLKEFRIE berlinerbollar med sylt

Ope til kl.16.00, velkomen!

26/02/2026

Gode nyheter for trafikk gjennom Tonstad Sentrum framover. Følg med på sida som er lagt ved, for de som skal sørover. Bakeriet har vanlege opningstider, og legg ut når me har ekstra ope enkelte perioder.
Me stenger ikkje ned i sommar, sjølv om Fv.42 mellom Tonstad og Haughom blir stengt veke 26-29. Me håper derimot på at folk finn oss likevel og at Sirdølane bruker oss nå som vegarbeidet minsker turist-trafikken gjennom Tonstad sentrum. ❤️

Veldig kjekt at sjefsbaker/pappa Svein Sturla Tonstad fekk seg ein tur til fine Peru! Me veit at det har vore eit flott ...
25/02/2026

Veldig kjekt at sjefsbaker/pappa Svein Sturla Tonstad fekk seg ein tur til fine Peru! Me veit at det har vore eit flott opphold, og veldig kjekt for han å bake på "andre sida" av kloden. 🌎😍

Pop-up på Bjerkreim – igjen! 🙌Me var her før jul, og no kjem me tilbake på fredag 20.februar💥Ferskt brød, bollar, småkak...
17/02/2026

Pop-up på Bjerkreim – igjen! 🙌
Me var her før jul, og no kjem me tilbake på fredag 20.februar💥
Ferskt brød, bollar, småkaker og masse godsaker frå Tonstad Bakeri.

📍 Utanfor Coop Vikeså
🗓 Fredag 20. feb
🕚 frå kl. 11–ca. 16

Kom tidleg eller bestill på førehand – det pleier å bli rift om godsakene 😍

📞 38 37 01 22
📧 [email protected]

Adresse

Tonstadvegen 20
Tonstad
4440

Åpningstider

Mandag 07:00 - 16:30
Tirsdag 07:00 - 16:30
Onsdag 07:00 - 16:30
Torsdag 07:00 - 16:30
Fredag 07:00 - 18:30
Lørdag 07:30 - 16:00

Telefon

+4738370122

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Tonstad Bakeri legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Tonstad Bakeri:

Del

Type