Lauget

Lauget Urban kafé og bakeri i hjartet av Sandane. Vi samarbeidar med lokale produsentar av både mat, drikke og kultur. Ser deg på Lauget!

Eigenprodusert og lokal mat og drikke, samt arrangement og kultur 💕

Opningstider i januar:
Man-tors: 07.45-17
Fredag: 07.45-18
Laurdag: 09.00-15.00 Lauget kaffi og kultur satsar på lokal (og gjerne økologisk) mat og drikke som framhever dei flotte ressursane vi har i nærområdet. På Lauget kan du nyte ein kopp varm cappuccino og få underhaldning med på kjøpet. Lauget har ei eiga scene, der der ung

e og lokale artistar får vise seg fram, og ein utstillingsvegg med kunst frå lokale kunstnarar. Vi har også eit bytebibliotek der du kan levere og byte bøker. Kjøp deg noko godt å ete og drikke, og slapp av i den hyggelege atmosfæra hjå oss.

10/05/2026
💃 F R E D A G 💃Det er fredag igjen, og vi feirar helgestarten med ekstra mykje godt i disken - Tacosuppe, toast og valnø...
08/05/2026

💃 F R E D A G 💃

Det er fredag igjen, og vi feirar helgestarten med ekstra mykje godt i disken - Tacosuppe, toast og valnøttbrød med avokado og egg, mellom anna 💕 Denne helga vert siste helg med valnøttbrødet, forresten.

I dag har vi kveldsope til kl 23, og som ein del av PUB-TIL-PUB på Sandane i kveld, er det vorspiel på Lauget frå kl 21 til 23 💃
Gratis inngang, men 18 års-grense.
Etterpå går turen vidare til der arrangementet held fram til stengetid.

Og so vert det også LES OG LAUG asosial leseklubb kl 16.30-18.00. Ope for alle medan dette pågår, og ope frå 18-21 før vorspielet tek til ☀️

Det er dermed duka for ein riktig fin fredag her på Lauget!Kjem du? 🥐📖💃

Og ja! Vi har nye service! Lækkert, kva? 💕

☕️ Lauget søkjer fleire gode folk med på laget ☕️Ynskjer du å utvikle deg innan leiing, sal og forretningsutvikling? Lau...
29/04/2026

☕️ Lauget søkjer fleire gode folk med på laget ☕️

Ynskjer du å utvikle deg innan leiing, sal og forretningsutvikling? Lauget er i kraftig vekst og har fleire spanande prosjekt på gang. Vi søkjer ein person som kan vere med å utvikle selskapet og kaféen vidare!

Vi ser etter deg som trivast med høgt tempo, er positiv, sjølvstendig og har lyst til å skape den gode Lauget-stemninga 💕

Du vil mellom ha dagleg ansvar i kaféen og assistere dagleg leiar i ulike oppgåver, samt spele ei aktiv rolle i utvikling av våre nye prosjekt.

🥐 Stillinga er 80-100%
☕️ Arbeidstid: dagtid/helg + fredagkveldar ved arrangement
🗣️ Språk: Eit skandinavisk språk + engelsk
🏡 Vi kan eventuelt hjelpe med å finne bustad

Erfaring frå butikk, service eller servering er ein fordel, men ikkje eit krav - opplæring vert gjeve.

📩 Send søknad med CV og referansar til: [email protected]
Søknadar vert vurderte forløpande - send gjerne so snart som råd!

🥐✨ Nydeleg sprø, mjuk inni – akkurat slik ein croissant skal vere! ✨🥐På Lauget lagar vi croissanten vår frå botnen av, m...
29/04/2026

🥐✨ Nydeleg sprø, mjuk inni – akkurat slik ein croissant skal vere! ✨🥐

På Lauget lagar vi croissanten vår frå botnen av, med ekte smør, tolmod og handverk i kvar einaste brett. Resultatet?
🤎 Sprø og gyllen utanpå
🤍 Luftig og saftig inni
🔥 Perfekt til kaffikoppen

Kom innom og start dagen litt betre – eller unn deg ei lita pause du fortener.

☕🥐 Croissant + kaffi = sant

24/04/2026

Bli med å danse deg inn i helga i lag med oss ❤️

🥐 Ope til kl 23 i dag
☕️ Asosial leseklubb 16.30-18.00
🪩 Klubbkveld med dj og dansegolv frå kl 20

Ta med deg ein ven og kom 💃

17/04/2026

Ein nydeleg vår-fredag 🌷

Vi har ope til 18 i dag, og det er superdeilig på uteplassen vår no ☀️

Vi har også ekstra mykje godt på menyen i dag, mellom anna tacosuppe, toast og egg- og avokadoblings. Månadens brød med valnøtt og gulrot (surdeigsbrød) har vi i dag og i morgon 🥰

Velkomne til oss for ein god start på helga 💕

Tusen takk til alle kundar som har vore innom oss no i påska 🐣🐣 Og beklagar til dykk som kom til tome brødhyller, vi var...
04/04/2026

Tusen takk til alle kundar som har vore innom oss no i påska 🐣🐣 Og beklagar til dykk som kom til tome brødhyller, vi vart rett og slett overvelda over den enorme kundemengda som kom til oss 💛 Takktakktakk!

Sjefsbakaren har vore på ferie, og lærlingen (meg (Charlotte)) har steppa inn i hennar stad. (Syns eg klarte meg bra, til tross for at det gjekk litt fort tomt 😅). Mine kjekke folk i front har også stått på som galningar i rushet 🫶🏻Kanskje vi fekk ein slags forsmak på sommaren?

No tek vi nokre dagar helg, før vi opnar att til vanleg veke på tysdag 🥰

🐣 OPNINGSTIDER I PÅSKA 🐣Mandag 30.03: 07.45-17.00Tysdag 31.03: 07.45-17.00Onsdag 01.04: 07.45- 15.00Skjærtorsdag: Stengt...
29/03/2026

🐣 OPNINGSTIDER I PÅSKA 🐣

Mandag 30.03: 07.45-17.00
Tysdag 31.03: 07.45-17.00
Onsdag 01.04: 07.45- 15.00
Skjærtorsdag: Stengt
Langfredag: Stengt
Påskeafta: 09.00-15.00
1. Påskedag: Stengt
2. Påskedag: Stengt
Vanlege opningstider frå tysdag

Rykande ferske brød og bakst og kaffi frå morgonen av kvar dag!

Velkomne alle som ein 💕

BURGERBRØD 🍔Kva med hamburger til middag i påska?Vi har laga brioche burgerbrød, som vi har ferdige i frysen. Berre å ti...
26/03/2026

BURGERBRØD 🍔

Kva med hamburger til middag i påska?
Vi har laga brioche burgerbrød, som vi har ferdige i frysen. Berre å tine og ete 🍔 Dei er so fluffy og gode, må berre prøvast!

4stk for 59,-
Dei er klar frå i dag, torsdag, og so lenge lageret rekk i denne omgang 💛

18/03/2026

I dag er det 10 år sidan det første Lauget opna dørene for første gong!

Jada jada, vi veit at dette her er eit anna selskap og alt det der. Men! Vi vil gjerne likevel feire alt det Lauget har vore for bygda vår, og alt det kjekke som har skjedd på desse åra. No når vi ser tilbake er det jammen ikkje få greier som har skjedd.
Alle blingsane som har blitt smurt, alle kaffikoppar som er drukke, alle milkshakar som er laga (og sølt), alle oppturar og nokre nedturar, alle konsertane og hendingane, lilleLauget, isbaren, mellomLauget, bakeriet og alle andre rare påfunn der innimellom.

Vi vil med det same takke alle dåkke som har komt og kjøpt, alle som har heia, alle som har jobba på, alle vener og familie som har stilt opp, og alle som har jobba på dugnad. For eit felleskap, for eit LAUG 💪🏻💪🏻💪🏻❤️
Takk for dei 10 første, lat det bli minst 100 til!

Adresse

Grandavegen 28
Sandane
6823

Åpningstider

Mandag 07:45 - 17:00
Tirsdag 07:45 - 17:00
Onsdag 07:45 - 17:00
Torsdag 07:45 - 17:00
Fredag 07:45 - 18:00
Lørdag 09:00 - 15:00

Telefon

+4792340403

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Lauget legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Lauget:

Del