Fru Aarvik

Fru Aarvik Handtverksbakeri, kafè og gardsbutikk med kjøkenhage og ulike dyr som ein kan oppleve på garden. Overnatting i Gamlastovo 1823 og Oldemors Stove.

Til påsken vil det bli utvida opningstider. Informasjon kommer senere! :-)

17/02/2026

Nokon som kosar seg ute i snøen 🥰

Hønsene har fått myse frå Veronica og Dag på Lygre Livsgard, noko våre søte små veganere 🐇 ikkje synest så godt om. Dei ventar på høyet som kjem litt seinare når geitene er tilbake frå turen sin til Aarvik-elvo.

14/02/2026

Bonden med geiteflokken på veg opp til Vårfloren der dei skal få nyte godt av sumaren som var! No er det berre 1 måned igjen til kjeinga startar og me får ein ny flokk med søte små kje her på Aarvik Gard 🥰

Det er heilt fantastisk å ha beitedyr som nyter godt av det som gror her på gardsbruket! Me nyttar ikkje noko importert fôr (det er dessutan fullstendig unødvendig), kun det som finst her på garden produsert av naturen sjølv 🍀

God fastelavn og god helg til deg!

Alt godt,
Fru Aarvik

02/02/2026

Arbeidsplassen min no om dagen 😍

Trefelling går enn så lenge for hand med bogesag og øks sidan eg akkurat har lært meg å bruke motorsag kan eg ikkje bruke det når eg er åleine på grunn av sikkerheiten. Geitene helde meg med selskap og det er godt å få jobbe vidare for å halde kulturlandskapet åpent, samstundes som me får åpna opp for den store fine eiken.

Fin veke til deg og det du held på med!

Alt godt,
Fru Aarvik

25/01/2026

Gode vinterdagar med kystgeitene våre som ventar nye geitekillingar til våren.

Kvar dag er me opp til stølen og gir dei tørrhøy. Det er som om sommaren følger oss gjennom heile vinteren. Geitene får ete av det dyrebare graset som familien har brukt mykje tid på å slå, rakt saman, laga til såte, snudd og tørka enda litt til før det blei samla inn til vinteren. Det er godt å tenke på at dyra våre får rein og god mat frå solens energi og plantenes fotosyntese og kun frå gardens eigne ressursar 🌱

Me gler oss over alle gode dagar saman med dyra våre og god til å rydde og ordne før ein ny vår står for tur.

Alt godt,
frå oss alle i Aarvik

Etter og før bilder frå Oldemors Stove 😍 Leiligheten i hovudhuset var eit av 4 prosjekt som vart fullført i 2024 med god...
19/01/2026

Etter og før bilder frå Oldemors Stove 😍 Leiligheten i hovudhuset var eit av 4 prosjekt som vart fullført i 2024 med god hjelp frå venner og familie.

No gler me oss til å ta imot nye overnattingsgjestar som vil bu på gardsbruket i nokre dagar til våren og sommaren.

Hjarteleg velkomne til Aarvik gard i 2026!

Alt godt,
Fru Aarvik med familie

Etter bilder: 1-3 og .visuals 4 og 15 🥰
Før bilder: Fru Aarvik

Eg skal, skal du? Foredrag med Arctic Gardener Anders Røyneberg og Eric Schjerven om å dyrke din eigen mat! Her er berre...
16/01/2026

Eg skal, skal du? Foredrag med Arctic Gardener Anders Røyneberg og Eric Schjerven om å dyrke din eigen mat! Her er berre å møte opp på folkebiblioteket på Tysnes 😍

Å dyrke eigen mat er eigen beredskap og ikkje minst så får du mykje sunnare og næringsrik mat når du får dyrkar den sjølv utan bruk av sprøytemidlar og kunstgjødsel!

HJEMMEDYRKA: Velkommen til inspirerande føredrag med Anders Røyneberg og Erik Schjerven (også kjent som Arctic gardener) no på laurdag kl. 12:00.

Sjå lenkje i kommentarfeltet for meir informasjon.

09/01/2026

Det er gode og vakre vinterdagar ❄️🌞 med tid til å rydde i bakeriet og kaféen, ferdigstille reknskapen og tid til å bygge kaféen heilt ferdig.

Det var ein del arbeid som ikkje vart gjort i 2024 før me åpna, men no er Sveinung igong slik at kaféen blir heilt ferdig med ordentlig ventilasjon og isolasjon i taket til me åpner opp att til påsken!

Nytt år utan å konsumere mat med PFAS og anna rask? 🍀❤️PFAS er eit av mange virkestoff i heilt vanlege sprøytemidlar som...
30/12/2025

Nytt år utan å konsumere mat med PFAS og anna rask? 🍀❤️

PFAS er eit av mange virkestoff i heilt vanlege sprøytemidlar som blir nytta på spesielt korn (brød og frukostblandingar) og potet, men også i grønnsaker og jordbær. Og ja tenk, det er heilt lovleg å nytte her i EU, og grenseverdiene til Mattilsynet er diverre for høg etter mitt syn.

Evighetskjemikaliet PFAS blir verande i kroppen og hoper seg opp over tid (akkumulerer) og går ikkje berre utover naturen, men også helsen vår.

Kva kan me gjere for å unngå helseskadelige effekter av sprøytemidlar? Jo, me kan velge økologisk mat, eller dei av oss som har tilgang til jord, dyrke maten sjølv. Me gjer det, ikkje berre av omsyn til oss sjølv, men óg naturen til lands og til vanns.

Det er ein rekke problem knytta til korleis me lever og lagar mat i dag samanlikna med korleis det var før 1940-talet. Ein av dei mest urovekkande problemene er den store nedgongen i fertilitet, spesielt her i Noreg. Ein nedgong på over 50% er mildt sagt frykteleg trist. Det skuldast ikkje berre restar av sprøytemidlar i maten, men óg forureining via klede, møblar, arbeid, livsstil m.m.

Tilliten til dei som har overoppsyn med kva som er bra og ikkje er bra for oss, klimaet og naturen, kjenner eg blir meir og meir svekka for kvar dag som går.

Regelverket og byråkratiet er tungrodd og det tar alfor lang tid å få "snudd skuta på rett kjøl". På den andre sida viser forbrukartrendene at me evnar å ta betre valg basert på ny kunnskap (eigentleg gammel kunnskap) utan spesielt god hjelp frå myndigheitene. Salget av REN VARE/ikkje UP-mat og økologisk mat har auka mykje det siste året. Noko som er veldig kjekt å sjå!

Uansett, poenget mitt er vel at me må ta gode matvalg og valg om å la vere å kjøpe ting me ikkje treng for våre etterkommere, naturen og oss sjølv 💚

Alt godt, med eit stort håp og glimt i auget,
Fru Aarvik

Fikk du med deg det Aftenposten skrev om problemet med evighetskjemikaliene PFAS. Forskerne var overrasket over omfanget.

— Det er omtrent 27 plantevernmidler solgt i Norge som inneholder ett eller flere PFAS-aktive stoffer. Disse er godkjent for bruk etter EU/EØS-regelverket. 

PFAS-inneholdende plantevernmidler mye i potet, kornvekstkulturer, men særlig jordbær og visse grønnsaker (typisk for å bekjempe sopp, ugras eller insekter. ) Kornblandinger og brødvarer er svært utsatt.

PFAS: ikke bare et naturproblem – også et helseproblem

PFAS er såkalte «evighetskjemikalier». De brytes nesten ikke ned, verken i naturen eller i kroppen vår. Når de først havner i jord, vann og mat, blir de der – og bygger seg sakte opp over tid.

Det er lett å tenke at dette først og fremst er et miljøproblem. Men det er det også et direkte menneskelig helseproblem.



🧍‍♀️ Hva gjør PFAS med oss?

Forskning viser at langvarig eksponering for PFAS er knyttet til:
• svekket immunforsvar
• hormonforstyrrelser (stoffskifte, kjønnshormoner)
• økt kolesterol og belastning på leveren
• redusert fruktbarhet og risiko for fosterskader
• økt risiko for enkelte kreftformer

Det farlige er ikke én enkelt middag –
det er livslang, lavdose-eksponering.

PFAS skilles svært sakte ut av kroppen. Det betyr at det du får i deg litt og litt, blir værende.



🌱 Hva gjør PFAS med naturen?

Når PFAS brukes i landbruket (for eksempel via enkelte sprøytemidler), skjer dette:
• Stoffene vaskes ut av jorda
• De følger vannet videre
• De ender i bekker, elver, innsjøer og fjorder
• De tas opp i planter, fisk og dyr

Dette påvirker hele økosystemet – fra mikroorganismer i jorda til fisk, fugl og mennesker.



🌊 Er dette et problem for Lågen og Oslofjorden?

Ja. Definitivt.

🟦 Lågen

Lågen renner gjennom store jordbruksområder. Når sprøytemidler og andre kjemikalier lekker fra jordene:
• havner de i elva
• fraktes videre nedover i vassdraget
• kan påvirke både drikkevann, fisk og natur langt unna der de ble brukt

🌊 Oslofjorden

Oslofjorden er allerede hardt presset:
• lite oksygen
• svake fiskebestander
• stor tilførsel av næringsstoffer og forurensning

PFAS er ekstra problematisk fordi:
• de ikke brytes ned
• de kan hope seg opp i marine næringskjeder
• de bidrar til ytterligere belastning på et allerede sårbart system

Selv små mengder, over tid, er nok til å gjøre skade.



🛒 Hva kan du gjøre som forbruker?

Det viktigste og mest effektive valget er dette:

👉 Velg usprøytet og økologisk mat

Økologisk regelverk forbyr:
• syntetiske PFAS-baserte sprøytemidler
• de fleste fluorholdige kjemikalier

Ved å velge usprøytet mat:
• reduserer du din egen PFAS-eksponering
• reduserer du tilførselen av PFAS til jord og vann
• bidrar du til mindre belastning på elver og fjorder

Støtt vårt arbeide. Vi vil gjerne hjelpe deg til å velge pfas fri mat. For helsa, for naturen, for vann og fjord. Sjekk ut www.virgenes.no/andelsbonde

Info Mattilsynet:

https://www.mattilsynet.no/planter-og-dyrking/plantevernmidler/pfas-i-plantevernmidler?

Aftenposten: https://www.aftenposten.no/sprek/i/ExWwO2/funn-av-evighetskjemikalier-i-europeisk-mat-sjokkerer

Over 90 surdeigsbrød og julebrød er bakt 😍🥖Mjølhålo (svedjerug og mykje frø)🥖Utlebakken (emmer)🥖Aarvik (lyst og vakkert)...
18/12/2025

Over 90 surdeigsbrød og julebrød er bakt 😍
🥖Mjølhålo (svedjerug og mykje frø)
🥖Utlebakken (emmer)
🥖Aarvik (lyst og vakkert)
🥖Låkastadlen (landhvete m svarthavre)
🥖Åkerleiet (einkorn og solsikkekjerner)
🥖Smålhuset (valnøtter)
🌾Pistasjknuter, mandelknuter, kardemommeknutar, skuleboller, Skillingsboller, Palmekystens draum, epleknutar og scones er bakt ut, rundstykkedeigar og julegeitdeigen er sett.

🌾Dei siste Sarah Bernhard kjeksene er steikt og toppet med deilig sjokolade smørkrem dekket med mørk sjokolade og så har me framleis litt pepperkakedeig igjen til dei av dykk som har lyst å lage pepperkaker med barna eller dykk sjølve 🥰

Åpningstider
Fredag 11-15
Laurdag 10-14 og då har me også julegraut

Hjarteleg velkomne til gards og åpent bakeri godtfolk. No gler eg meg til å sjå dykk her i kaféen ein siste gong før jul og kanskje de er heldig og finner nokon fine julegåver frå lokale bønder og bøker med gode og viktige ord frå eller kanskje dei vakre diktbøkene frå 🌟😍

Alt godt,
Fru Aarvik

#

Då er siste moglegheit for å komme på besøk til Aarvik Gard her før me stenger ned fram til påske 🥰Det er også siste mog...
17/12/2025

Då er siste moglegheit for å komme på besøk til Aarvik Gard her før me stenger ned fram til påske 🥰

Det er også siste moglegheit for bestille til helgen ut dagen i dag, onsdag. Men eg lagar sjølvsagt mykje utanom også! Både surdeigsbrød og surdeigsjulebrød, boller, knuter, julekjeks, scones, lyse salte rundstykker m.m. Graut med mandel blir det også 🐖. Sist gong, veldig flaut altså.., vart det fruen sjølv som fant mandelen etter at dei siste gjestene hadde gått og eg satt her i sofakroken med Anette, Veronica og Kay Asle.

Året har vore eit eventyr utan sidestykke, både kjempetravelt og kjempefint med alle dei fantastiske menneskene som har vore på besøk til oss. Til saman har det vore nærare 15000 besøkande innom i løpet av året, noko som vart mykje meir enn kva me hadde rekna med og lagt opp til. Sjølv om det er meir enn kva me nokon gong kunne forestilt oss, så kjem me ikkje til å produsere meir og me kjem ikkje til å utvida verken produksjon eller lokalar. For det er nettopp det me har her i dag som me trur gjer at de kjekke folk har lyst til å komme til oss 💚

På den andre sida har eg óg innsett at kroppen blir sliten av å jobbe så intenst mykje, slik at nokon endringar blir det til neste år slik at eg kan leve lykkelig med bakingen på sikt også 😍 Kva som skjer, vil me komme tilbake til utpå vinteren når me har fått tida til å planlegge neste sesong.

De veit så godt alle saman at me er uendeleg takksam for alle besøk, alle heiarop og gode ord på vegen. Me hadde ikkje vore her utan at de kom på besøk til oss. Tusen hjarteleg takk for tilliten nok ein gong🙏🥹

Alt godt og juleklem frå Fru Aarvik med familie

📸 1-2 4-9 🥰
Resten av bildene har eg teke sjølv

Ja tenk at no er det berre to helgar igjen her på Aarvik Gard med åpen kafé og gardstun🎄🌟 og det siste markedet på  er o...
10/12/2025

Ja tenk at no er det berre to helgar igjen her på Aarvik Gard med åpen kafé og gardstun🎄🌟 og det siste markedet på er overstått.

Det er vanskelig å forstå at eg skal halde stengt heilt til påske, men det gjer nok godt for kroppen, så eg trøyster meg med det. Dessutan er det mykje anna som må gjerast på gardsbruket som eg ikkje får tid til når me er i sesong.

Det skal bakes sjølvsagt😍, og det er det jo adventstida og jul som står i fokus 🌟 Det blir julebrød til begge helgene, båe fredag og laurdag. Ellers blir det diverse surdeigsbrød, boller/knuter, scones, kakemenn, pepperkakedeig med spelt og egg frå hønsene våre, kokosmakroner, Sarah Bernhard og litt andre julekjeks, samt Lussekatter sidan me feirar Lucia no til helgen.

Eg lagar også til julegraut med mandel i grauten på laurdagene. Kven blir den heldige vinnaren av marsipangrisen 🐖? I år håpar eg de kjenner godt etter, for i fjor var det visst nokon som spiste opp mandelen utan å få det med seg 😅

Her er óg mogleg å hoppe i høyet for dei som likar det og de kan få mate geitene våre med høy, for no har dei fått flytte ned til Smålhuset igjen 🐐🐐

Den siste laurdagen før jul fyrer me i bålpannen oppe i klyngetunet, så kan dei som vil få pinnebrød og grille til kos (så lenge det er opphaldsver!)

Det er også mogleg å få tak i gåvekort til fine kafébesøk, surdeigskurs eller overnatting i 2026 🌟

Eg håper du får tida å komme ein tur innom oss før me stenger for sesongen 🥰

Ps: Bestillingar før me stenger for sesongen seinast onsdag 17. Desember for henting fredag eller laurdag.

Alt godt,
Fru Aarvik

Adresse

Årvikvegen 35
Omastrand
5647

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Fru Aarvik legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Fru Aarvik:

Del

Type