21/10/2024
Åss har stengt i morgon. Håpa alle som har moglegheit tek turen til Hamar. Heia på alle som arbeide for barnets/elevens beste✨
⚠️ TYSDAG «STENGJER» LOM! ⛔️
Skulesaka: Tysdag vil næringslivet i Lom stengje heile sentrum.
– Vi vil markere og syne fram kor viktig skulen er for oss alle!
Mellom anna vil Extra, Coop Prix, KIWI, kafeen på Fossberg Hotell, kafeeen på Nordal Turistsenter, Bakeriet i Lom, Esso Lom, Circle K Lom, Sport 1 Lom, Fjell og Fritid, Norsk fjellsenter - der folk og fjell møtest, Fjoset i Lom, SpareBank 1 Lom og Skjåk og truleg enda fleire, stengje dørene denne dagen!
Med andre ord: Meir eller mindre heile Lom sentrum blir stengt! Årsaka er at reiselivet og næringslivet vil støtte opp om aksjonen «Berg skulen vår!» på Hamar denne tysdagen - for å markere og syne fram kor mykje skulen i Lom betyr for det lokale næringslivet!
Fredag vart det kjent at òg næringslivet i Skjåk har kasta seg på, og melder at dei gjer som næringslivet i Lom. Både Skjåk kjøpesenter og YX Skjåk held stengt tysdag. Det same gjer Extra Skeimo, Coop Prix Bruvoll og Ellinors Landhandel🙏🏼 Det same gjeld enkeltbedrifter i Vågå!
Les meir her:
https://www.fjuken.no/nyheiter/i/dRqe9J/skulesaka-tysdag-vil-naeringslivet-i-lom-vil-stengje-heile-sentrum