02/01/2026
Geitebonden og sauebonden avsluttar karrieren som butikk/kafé vert. Oppgavene vart for mange i forhold til tal timar i døgnet. Å binde seg til faste opningstider er heller ikkje lett når det er levande dyr heime, og anna gardsarbeid må gjerast når veiret er lagleg.
Vi hadde ein draum, og vi prøvde.
Takk til alle som var med oss på reisa. De som var med på kurs, de som var innom av og til, og de som var faste gjester.
Rita finn de i Borgundvågen, og Inger i Almenningen. Og så er vi på fb og Instagram.
Og veit de om nokon som vil drive for seg sjølv, er lokalet midt i Korsen ledig frå 1. februar 2026.
TAKK FOR OSS 👋👋