15/03/2020
Hei!
Situasjonen som no utviklar seg, dag for dag, er særs kritisk. Aller viktigast er liv og helse, og tiltaka som vart sett i verk på torsdag er utruleg viktige.
Kritisk er òg situasjonen for mykje av næringslivet. Me har forsøkt å halda SEILAS opent som vanleg sidan fredag, men me ser no at det diverre ikkje er grunnlag for det.
SEILAS vil difor halda stengt på ubestemt tid, frå kl. 17 i dag.
Vonar at det ikkje blir altfor lenge til me igjen kan ynskja kundar velkomen til Gjermundshamn!
Helsing
Martin Myrvold
Dagleg leiar