Vekst i Hareid

Vekst i Hareid Vekst i Hareid jobbar med næringsutvikling og tilretteleggande tiltak til næringslivet i Hareid.

☕️ I går starta vi dagen med frukostmøte for butikkgruppa i Hareid. Her fekk dei frammøtte mellom anna informasjon frå l...
17/04/2026

☕️ I går starta vi dagen med frukostmøte for butikkgruppa i Hareid.

Her fekk dei frammøtte mellom anna informasjon frå leiar for kultur, Melinda Skeide, om det komande cruiseanløpet den 13. juni, og korleis butikkgruppa kan rigge seg for å auke omsetninga desse dagane.

Karina Holstad orienterte om opplegget på Seinsommarfest 7.-9. august, og Kim Lillebø fortalde om arbeidet som er gjort med etablering av den nye næringsforeininga i Hareid, "Hareid Vekst".

Kjenner du nokon som bur i Oslo-området? Tips dei gjerne om å kome på Bli med hit-messa på The Hub komande måndag! Ordfø...
15/04/2026

Kjenner du nokon som bur i Oslo-området? Tips dei gjerne om å kome på Bli med hit-messa på The Hub komande måndag!

Ordførar Bernt og prosjektleiar Christine stiller på stand, og vil få med oss flest mogleg tilflyttarar hit til Hareid!😊

Måndag 20. april reiser ordførar Bernt Brandal og prosjektleiar i Vekst i Hareid, Christine Erdal, til Oslo for å delta på rekrutterings- og tilflyttarmessa Bli med hit. No ønskjer Hareid kommune at innbyggarar og utflytta hareidingar tipser vener, familie og kjende i Oslo-området om arrangeme...

Komande måndag stiller Vekst i Hareid og Hareid kommune på Bli med hit i Oslo for å vise fram alle dei gode moglegheiten...
14/04/2026

Komande måndag stiller Vekst i Hareid og Hareid kommune på Bli med hit i Oslo for å vise fram alle dei gode moglegheitene til å bu og jobbe i regionen vår.

Kjenner du nokon som bur i Oslo-området, og burde få med seg dette arrangementet? Tips dei om å kome på The Hub måndag mellom klokka 1600-1830.
Få meir informasjon og hent ut gratis inngangsbillett via lenka i innlegget:

Tysdag 5. mai er ein dag du må legge i kalenderen med éin gong! Då arrangerer vi næringstreff om inkluderande arbeidsliv...
13/04/2026

Tysdag 5. mai er ein dag du må legge i kalenderen med éin gong!

Då arrangerer vi næringstreff om inkluderande arbeidsliv, der vi mellom anna får innlegg frå sjølvaste Ulf Andersen, statistikksjefen i NAV. I tillegg vil Lene Trude Solheim, Marthe Longva Strandbakken og fleire andre vere med på å opplyse oss om behovet for og moglegheitene innanfor å tenke meir inkluderande i rekrutteringsprosessar.

Og som om ikkje det var nok: Det blir også premiere på Hareidsfilmen som Nanseth Media har produsert for oss denne dagen!

Dette gler vi oss til! Meld deg på via lenke i kommentarfelt!

📅 Tysdag 5. mai
⏰ Kl 14-16
📍 Millennium Cowork

Garden som ressurs held fram med å engasjere! 🌱I går samla vi rundt 50 deltakarar på Tampenbuda på Hareid til meir inspi...
09/04/2026

Garden som ressurs held fram med å engasjere! 🌱

I går samla vi rundt 50 deltakarar på Tampenbuda på Hareid til meir inspirasjon og informasjon.

Tusen takk til Eileen Hareide Brandal, Margrethe Hareide Garnes, Mats Jøsok Kvalsvik, Lisa Mari Breivik Anderson og Harald Strømmegjerde for at de ville dele dykkar reiser og erfaringar med oss.

Takk også til Arild Støylen frå Ulstein kommune, som tok oss gjennom kva praktiske ting ein bør tenke på ved til dømes søknadar om bruksendring, og til Sigurd-Johan Thorheim som fortalde oss litt om kva som skal til for at restaurantar skal kunne bruke meir lokal mat i sin produksjon.

Vi håper at alle gjekk heim med mange nytt pågangsmot og idear til kva ein kan utvikle på garden sin! 🏡
Garden som ressurs-møta er eit samarbeid mellom Vekst i Hareid, Ulstein næringsforum, og hoppid-kontora til dei fem kommunane på Ytre søre
Sunnmøre. Møta er gratis og opne for alle interesserte.

I dag er siste frist for påmelding! 🌱Er du klar for meir inspirasjon, informasjon og motivasjon til å starte med noko ny...
06/04/2026

I dag er siste frist for påmelding! 🌱

Er du klar for meir inspirasjon, informasjon og motivasjon til å starte med noko nytt på garden din? Meld deg på! Det er gratis å delta.

📅 Onsdag 8. april
⏰ Klokka 18-20:30
📍 Tampenbuda, Hareid
🔗 https://forms.cloud.microsoft/e/jjx6N5SCtT

Sommerjobben er ofte den fyrste, viktige arbeidserfaringa for mange ungdommar. I tillegg er det ein svært god måte for v...
02/04/2026

Sommerjobben er ofte den fyrste, viktige arbeidserfaringa for mange ungdommar. I tillegg er det ein svært god måte for verksemdene å rekruttere arbeidskraft.

Vi håper å sjå mange dyktige ungdommar i jobb i sommar! 💪😊

Leiarane for Ulstein Næringsforum og Vekst i Hareid er hjartans einige – gi dei lokale ungdommane ein sjanse i sommar.

01/04/2026

I år ønsker vi deg ei GOD PÅSKE med denne korte smakebiten på Hareidsfilmen. Nanseth Media har filma for oss i over eit år, og i mai lanserer vi det endelege resultatet: Ein film som skal vise fram alle dei gode grunnane til å bu og jobbe i Hareid. Vi gler oss!😊

Men fram til då: God påske! 🐣🐥

Vekst i Hareid er sjølvsagt på plass på BLI MED HIT Møre og Romsdal i Oslo den 20. april. Saman med andre kommunar og næ...
31/03/2026

Vekst i Hareid er sjølvsagt på plass på BLI MED HIT Møre og Romsdal i Oslo den 20. april. Saman med andre kommunar og næringsforeiningar på Søre Sunnmøre skal vi framsnakke alle dei gode grunnane til å flytte hit til Hareid og resten av regionen vår. Og i år har vi også med oss JetsGroup, som er på utkikk etter fleire folk, og vil stille med eigen stand på messa.

Kjenner du nokon som bur i Oslo, og som du gjerne vil ha heim til Sunnmøre? Tips dei om Bli med hit-messa! 😊

🌿 Nytt møte om Garden som ressurs! Har du hugsa å melde deg på?📆 Onsdag 8. april⏰ Klokka 18-20.30📍 Tampenbuda, Hareid 🔗 ...
28/03/2026

🌿 Nytt møte om Garden som ressurs! Har du hugsa å melde deg på?

📆 Onsdag 8. april
⏰ Klokka 18-20.30
📍 Tampenbuda, Hareid

🔗 Meld deg på gratis via lenka: https://forms.office.com/e/jjx6N5SCtT

Inspirasjon, motivasjon og informasjon

Veldig kjekt og lærerikt besøk hos tre generasjonar gardbrukarar hos Hjørungdal Gard i går!🐮Visste du til dømes at dei h...
24/03/2026

Veldig kjekt og lærerikt besøk hos tre generasjonar gardbrukarar hos Hjørungdal Gard i går!🐮

Visste du til dømes at dei har rundt 200 dyr i dei to fjøsane, og ein mjølkeproduksjon på over 760 tonn i 2025? Imponerande! ☺️

Hareidskortet kan brukast på alt frå massasje og cafébesøk til konfirmasjonsdress og nye sommardekk. Og mykje meir! 👔🥐🍔💐...
21/03/2026

Hareidskortet kan brukast på alt frå massasje og cafébesøk til konfirmasjonsdress og nye sommardekk. Og mykje meir! 👔🥐🍔💐

Les meir om kvar Hareidskortet kan nyttast, og kjøp det enkelt via lenka: https://www.vekstihareid.no/hareidskortet

Adresse

Rådhusplassen 5
Hareid
6060

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Vekst i Hareid legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Vekst i Hareid:

Del