06/05/2026
EI NY EPOKE PÅ SKOTHOLMEN - VI GLER OSS!
Thon Hotels har, gjennom ei leigeavtale med Skotholmen AS, teke over drifta av holmen etter KAMI Skotholmen, som har hatt ansvaret sidan 2016.
KAMI Skotholmen, med Magnus Bergseth ved roret, har levert gode matopplevingar gjennom mange år. Magnus vil også i fortsetjinga vere ein sentral skikkelse på Skotholmen, no i rolla som Food and Beverage Manager i Thon. Vi gler oss!
Visjonen vår har vore den same sidan vi kjøpte holmen i 2009, og denne ligg også til grunn for leigeavtala vi har inngått med Thon Hotels: Skotholmen skal bli ein attraksjon basert på kortreist sjømat, storslagen natur og ei rik handelsstadhistorie. Skotholmen skal vere verdt ei reise.
Avtalen med Thon gjeld åtte månader i året, frå mars til og med oktober, men det er òg ambisjonar om å ta imot gjester dei fire resterande månadene. Dette kan skje i Thon-regi eller i regi av andre arrangørar.
Sjå gjerne før- og etter-bilete som viser utviklinga på Skotholmen etter 2009, då vi sette i gang arbeidet med å skape nytt liv på holmen. Etter sju år med omfattande innsats og med nye investorar på lag, kunne vi opne holmen for gjester i 2016.
Vi ser fram til eit fruktbart samarbeid med det gode teamet til Monica ved Thon Hotel Fosnavåg, der vi saman skal vidareutvikle Skotholmen som destinasjon og merkevare for gode matopplevingar.