Opplev Runde

Opplev Runde Bu, lær og utforsk. Kafé, utstillingar og guida naturopplevingar. Overnatting i fine leilegheiter.

Opplev Runde er ein del av forskingsstasjonen og besøkssenteret på Runde Miljøsenter

15/10/2025
Legg turen innom i ruskeveret og nyt søndagsmiddagen på Runde. Kjøkkenet tek imot bestillingar frå kl. 13.00 til 17.00.
04/10/2025

Legg turen innom i ruskeveret og nyt søndagsmiddagen på Runde. Kjøkkenet tek imot bestillingar frå kl. 13.00 til 17.00.

Har du ein 6.eller 7.klassing som går på ein av skulane i Herøy kommune? Sjekk ut desse fine haustferietilboda! ❤️Vi gle...
25/09/2025

Har du ein 6.eller 7.klassing som går på ein av skulane i Herøy kommune? Sjekk ut desse fine haustferietilboda! ❤️
Vi gler oss til å lage til kjekke aktivitetsdagar med naturen i fokus på Runde Miljøsenter - tips gjerne dei du kjenner som er i målgruppa :)

Herøy kommune har fått tilskot frå Bufdir for å arrangere fritids- og ferieaktivitetar for born og unge. Det vert mange spanande aktivitetar å delta på for ein kvar smak.

No er det verkeleg haust på Søre Sunnmøre! Førre helg passerte det første uværet – og med det fulgte eit klassisk fenome...
25/09/2025

No er det verkeleg haust på Søre Sunnmøre! Førre helg passerte det første uværet – og med det fulgte eit klassisk fenomen: tare som blir skylt opp på strendene våre.

Tareskogen er ikkje berre ein levande heimstad for fisk og smådyr, men fungerer òg som naturleg kystvern mot bølgjer og erosjon. Når hausten kjem, slepp tareskogen ute i havet dei eldste blada sine, og bølgjene kan rive laus heile tarestokkar. I denne prosessen blir energien i bølgjene dempa, og erosjonen på land minkar. Slik ender mykje tare enten på strendene eller på havbotnen.

For nokon kan den oppskylde taren sjå rotete ut, men han gøymer mykje meir – under taren kryr det av smådyr som igjen gir næring til fuglar på jakt etter mat langs fjøra.

Taren er skogen i havet – og samtidig ei kjelde til mat, medisin og inspirasjon.
Vil du oppleve dette fascinerande universet på nært hald? Bli med oss på tangsafari i vår!

Kanskje du er, eller kjenner nokon som kan bli vår nye kollega på Runde? Tips og del gjerne🤩
25/09/2025

Kanskje du er, eller kjenner nokon som kan bli vår nye kollega på Runde? Tips og del gjerne🤩

- Nyheiter og prosjekt på Runde

Eit kjekt besøk under Fylkeskulturkonferansen i går! Ei gruppe frå konferansen kom til Runde for å få eit innblikk i kor...
16/09/2025

Eit kjekt besøk under Fylkeskulturkonferansen i går! Ei gruppe frå konferansen kom til Runde for å få eit innblikk i korleis vi som reiselivsbedrift opplever paradokset mellom reiseliv, naturoppleving og vern. Etter omvising og fagleg opplegg blei det ein nydeleg tur opp til fuglefjellet i lag med DNT 🌞🌞

10/09/2025

Vi ❤️ festival!

Våtdraktene har tørka, utstyret er rydda vekk, og vi har allerede starta planlegginga av neste års SJØNÆR, i lag med Njord Freediver , Herøy Dykkerklubb og Herøy Kajakklubb 🤩

Tusen takk til alle som har deltatt og bidratt på ein eller anna måte! Det er fantastisk å få være i lag med ein slik gjeng og skape store naturopplevingar for alle som har deltatt på festival ❤️

Takk til alle sponsorar som gjer at vi greier å gjennomføre helga med både opplegg for erfarne utøvarar, og Sunday Funday med gratis aktivitetar for små og store. Sender ein liten ekstra takk til dei første sponsorene våre Sunnmørsbadet og Leinebris som hjalp oss å sette i gang første festival i 2022, og som framleis er med på laget!
(http://xn--sjnr-xoa0i.no/)

🌊See you by the sea 4.- 6.september 2026 🌊

Sjønær - Festivalen Over og Under Havet

Foto/video: Sjønær crew
(I denne kortfilmen kan du sjå nokre av dei som har stått på gjennom helga🥰)

Velkommen til Runde og verdas minste havfestival; Sjønær - Festivalen Over og Under Havet !
27/08/2025

Velkommen til Runde og verdas minste havfestival; Sjønær - Festivalen Over og Under Havet !

Velkommen på besøk
22/08/2025

Velkommen på besøk

Fredag og laurdag finn du Runde Forsking og Opplev Runde frå Runde Miljøsenter på Trebaatfestivalen i Ulsteinvik ! 🤩 Kom...
15/08/2025

Fredag og laurdag finn du Runde Forsking og Opplev Runde frå Runde Miljøsenter på Trebaatfestivalen i Ulsteinvik ! 🤩

Kom innom og bli med på kjekke lærerike aktivitetar, konkurranser og moro🤩

Vi held til ved Quality Hotel Ulstein / Ulsteinvik Gjestehavn.

Velkommen på besøk - ope alle dagar 🥰Besøke oss med gruppe? Ta kontakt på booking@runde.no 🤩
12/08/2025

Velkommen på besøk - ope alle dagar 🥰

Besøke oss med gruppe? Ta kontakt på [email protected] 🤩

Adresse

Rundavegen 237
Fosnavåg
6096

Åpningstider

12:00 - 17:00

Telefon

+4770080800

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Opplev Runde legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Opplev Runde:

Del

Type