17/09/2025
Etter 8 år sender me stafettpinnen vidare og seier takk for oss ❤️
Det har vore nokre fantastisk kjekke år på Dyranut. Me har blitt godt mottekne og føler at me har fått levert mykje bra, både av gjestfrihet og god heimalaga mat. Lært mykje på godt og vondt, møtt og blitt kjent med svært mange trivelege gjester.
Tusen takk til alle som har vore innom til oss som gjester. Til alle som kom tilbake gong etter gong. Utan gjester som har sett seg ved bordet, rundt peisen og fylt stova, hadde det ikkje blitt noko av det me yngste å få til på Dyranut. Og utan alle dykk og alle dei gode tilbakemeldingane, så hadde nok dei tidlege morgonane og alle seine kveldar, kjentes annleis ut. Det hadde ikkje vore så givande. For om det har vore mykje arbeid, har det og vore svært givande og mykje moro. Me vil med gleda tenka tilbake på vakre solnedganger og fine samtaler med flotte gjester.
Tusen takk til alle som har jobba med oss på Dyranut. Takk til dykk som har brukt tida dykkar på Dyranut, år etter år. I oppvask, romvask, servering og kundeservice. Takk for at de skjønte at gjestane skal møtast med varme. Takk for at de har halde ut hjå oss på travle dagar og rolege dagar.
Tusen takk til dykk som har styrt på kjøkkenet. Pavio som hjalp oss i gang i 2018, Magda som gjorde ein flott innsats gjennom åra i midten og Tereza som drog i havn siste sesongen. De har vore heilt gull ❤️
Takk til ufatteleg tålmodige barn/barnebarn som alltid har måtta få eit 'vent litt' til svar. De har venta og venta på tid med mamma, pappa, besto og besten. De har fått ein barndom ulik mange andre sin barndom. De har fått ansvar og de har tatt ansvar. Passa på kvarandre. De har blitt raskere med potetskrellaren enn dei fleste vaksne.
I oppvasken på krakk å stå på.
Fått tatt del i arbeid når de har vore motiverte for det.
Takk Hedvig (11), Helleik (8), Hågen (5), søskenbarn Dexter (10) og Kasper (1) ❤️
Tusen takk til alle som kom med ei hjelpande hand når me trengde det mest, kom på dugnad med sjauing, rydding og herjing. Det trengs jo innimellom og de var der med oss.
Vår ide om å driva fjellstove hadde ikkje vorte verkeleg utan alle dykk som kom og vart ei stund. Enten som gjest eller tilsett. Så når me no låser døra for siste gong, og kan sei; dette gjorde me – og dette fekk me til, så er det og i takksemd for alle me fekk treffa på vegen.
Me har ope til sundag 21. september kl 18:00 og i mars 2026 er det ein annan familie som ynskjer dykk velkomen til Dyranut Fjellstova.