Ciderhuset Balholm

Ciderhuset Balholm Ein gard full av smak, historie og kunnskap. Einaste staden du finn så mange ulike cider- og jussmakar frå eige presseri. Middag for grupper og enkeltpersonar.
(1)

Smakingar med mat og utsikt over Sognefjorden. Sommarrestaurant og butikk. 20 mai.- 31.aug måndag - laurdag
Open gardsbutikk kl 13-18

Kl 13 Cidersmaking 5 smakar og lunsjplanke

Kl 16 Cidersmaking 5 smakar med noko attåt

Opningstider sommarrestaurant:
20. juni – 12. aug 2022
Måndag – laurdag kl 16 - 22 (kjøken stenger kl 21)

I det siste har det kome mange fine nyheiter om det som veks her.Merksemd. Vern. Anerkjenning.Men i dag vil vi stoppe li...
18/01/2026

I det siste har det kome mange fine nyheiter om det som veks her.

Merksemd. Vern. Anerkjenning.

Men i dag vil vi stoppe litt.

For dette handlar eigentleg ikkje om cider.
Det handlar om å velja ein stad. Å velja eit liv der ro og press lever side om side. Der stille morgonar møter lange dagar. Der det vakre ofte kjem saman med det krevjande.

Eit liv med årstider som ikkje kan hastast gjennom. Med arbeid som krev både kropp, hovud og hjarte. Med augeblink av djup ro – og augeblink av reelt stress.

Og på eit merkeleg vis er det nett desse kontrastane vi elskar.

Å vakna der fjord møter fjell.
Å byggja noko som tek tid.
Å slå rot.
Å skapa ein familie.
Å halda fram med å velja denne staden, igjen og igjen og igjen

Vi er takknemlege.
Motiverte.
Og framleis veldig glade i dette livet.

Du også velkomne 🍏❤️🍏

Nominasjonar som gjer oss ekstra stolte 💚Etter den store hendinga med geografisk vern for Cider frå Sogn, er vi glade fo...
17/01/2026

Nominasjonar som gjer oss ekstra stolte 💚

Etter den store hendinga med geografisk vern for Cider frå Sogn, er vi glade for å dele endå meir gode nyheiter:

✨SOGN frukt og siderlaug er nominert til Hjarte for Sogn-prisen.
✨ Ein av våre kollegaer, Ølmheim siderhage, er nominert til Smak av Sogn.

Dette kjennest som ei sterk stadfesting av alt engasjementet, samarbeidet og den langsiktige innsatsen som blir lagt ned i regionen.

Mot slutten av januar håpar vi på ein vakker festkveld der vi kan feire alt det gode som skjer i Sogn – menneska, initiativa, skaparkrafta og framtidstrua.

Og til alle dei nominerte: me heiar på dykk! 🍎

Sognaklynga

(English below)Hipp hipp hurra! I dag er ein heilt spesiell dag for Sogn.Eli-Grete, Åge og fleire produsentar er no i Be...
15/01/2026

(English below)

Hipp hipp hurra! I dag er ein heilt spesiell dag for Sogn.

Eli-Grete, Åge og fleire produsentar er no i Berlin under Grüne Woche for å ta imot det geografiske vernet for CIDER FRÅ SOGN.

Denne ordninga er den same som for regionar som Champagne og Bordeaux.
Det betyr vern, kvalitet og framtid – og at Sogn no er sett på kartet som ein tydeleg ciderregion i verda.

Dette arbeidet starta for nokre år sidan då Åge tok initiativet til prosessen. Sidan har Sogn frukt- og siderlaug, saman med produsentane, jobba grundig og målretta med å utvikla søknaden. Det har vore ein lang prosess – og no er me her.

Me håpar dette vil gi meir merksemd til Sogn og alt det unike som veks og blir skapt her.
Me er stolte, takknemlege og fulle av motivasjon til å halde fram arbeidet.



Today is a very special day for Sogn.
Eli-Grete, Åge, and several producers are currently in Berlin at Grüne Woche to receive the geographical protection for Cider from Sogn.

This protection is part of the same system used for regions like Champagne and Bordeaux. It stands for protection, quality, and future – and means that Sogn is now officially on the world map as a cider region.

This work started some years ago when Åge took the initiative. Since then, the Sogn Fruit and Cider Association, together with the producers, has worked thoroughly and consistently to develop the application.
It has been a long process – and now we are here.

We truly hope this will bring more attention to Sogn and everything unique that grows and is created here. We are proud, grateful, and highly motivated to continue this work.

Balholm Visit Sognefjord Siderlandet Norge SOGN frukt og siderlaug

Fantastisk!!!
15/01/2026

Fantastisk!!!

– Dette er heilt fantastisk for siderproduksjonen i Sogn, seier Endre Kleiveland, styreleiar i Sogn frukt- og siderlaug 🥂☺️🍾👇🏻

31/12/2025

Happy new year!!!
Godt nytt år!!!
İyi yillar!!!

We are ready 2026, you are welcome

31/12/2025

Saying goodbye to 2025 ….

❤️🎄❤️Balholm
28/12/2025

❤️🎄❤️
Balholm

Dette har jeg kost meg med de siste dagene 😄
Passer til det meste av julemat (og annet mat) og julen er jo ikke over ennå! Alt finnes i basis!

Hva koste du deg med på julaften?

Alkoholfritt
Balholm Sprudlande Margaret, kr 93,60 VP 11750201

Ringi Aroma, kr 75,90 VP 1852801

Askim Årgang Eple & Aronia, kr 75,10 VP 15885001

Hvitvin
Kruger-Rumpf Im Pitterberg Riesling GG 2024, Nahe, Tyskland, kr 388,90 VP 7405001
(luft den gjerne et par timer før middagen)

Rødvin
Tyler Santa Barbara County Pinot Noir 2023, California, USA, kr 379,90 VP 3521401

18/12/2025

Er du klar for jul? 🎄

Viss du framleis manglar noko, er julebutikken vår open fredag og laurdag. Me er ganske sikre på at du finn noko godt hjå oss 🥰

Det er framleis sjokolade att, men ikkje lenge til –snart stengjer me sjokolademaskina for i år.

Me skal også lage Balholm-gløgg klar til deg. Kom innom, ta ei lita pause, og nyt stemninga.

Du veit kvar du finn oss.
Hjarteleg velkomen 🤍


17/12/2025

Sist sundag baka me saman – vener og familie. Flatbrød, lefser og fersk potetlumpe, eten medan dei framleis var varme.

Lukta fylte rommet. Det var musikk, rolege samtalar, latter og mjøl på hendene.
Bakerommet vårt på Ciderhuset, like ved butikken, vart fylt med julekjensle.

Å bake er magisk.
Det er sosialt, nyttig – og godt.

Me sel ikkje det me baka denne dagen 😅 men den gode stemninga sit framleis i veggane

Me er opne – og du er hjarteleg velkomen.

11/12/2025

Julebutikken vår er open fredag og laurdag fra 11.00 til 16.00— og denne laurdagen har me ei heilt spesiell juleaktivitet på Ciderhuset.

På laurdag opnar me Ebru-målingsvatna… Ta turen innom, prøv fargane, lag dine eigne gåvepapir eller kort , nyt varm gløgg og få eit lite pusterom i desember.

I butikken finn du òg mange lokale og handlaga gåver til dei du er glad i.

Kom og kjenn på fargane av jul – og lag dine eigne. Alle er velkomne.

Adresse

Sjøtunsvegen 32
Balestrand
6899

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Ciderhuset Balholm legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Ciderhuset Balholm:

Del