Firda Seafood Group

Firda Seafood Group FIRDA SEAFOOD GROUP AS is a family- owned, fully integrated salmon and trout farming company based o

www.firdasea.no - Ola Braanaas began smolt production in Flora in 1986, marking the start of FIRDA SEAFOOD GROUP AS, a farming company with 14 licences for salmon and fjord trout farming, four smolt production plants and a plant for slaughtering and packing salmon and fjord trout. In 2004, the export company Firda Seafood AS was set up to manage salmon and fjord trout exports for the global market. In 2013 the processing plant on Byrknesøy opened, with a new head office.

Firda Eir har denne veka hatt besøk av 1. året frå Fagskulen  Sogn og Fjordane, Maritim avdeling i Måløy. Tysdag hadde v...
01/10/2026

Firda Eir har denne veka hatt besøk av 1. året frå Fagskulen Sogn og Fjordane, Maritim avdeling i Måløy. Tysdag hadde vi besøk av Maskinoffiserklassen, torsdag hadde vi besøk av Dekksoffiserklassen.

Det var full omvising om bord, samt gjennomgang av det som omhandlar den daglege drifta av ein brønnbåt. Frå maskinklassen var også to av våre tidigare maskinlærlingar Isak Unneland og Paul Brekke med, då dei har starta på vidareutdanning etter endt læretid hos oss i sommar.

Foto: Håkon André Hatlem

Dekksoffiserklassen øvst, Maskinoffiserklassen under.

Hyllestad er viktig for Firda!
29/09/2026

Hyllestad er viktig for Firda!

I skal vi til Vestland fylkeskommune og nok en kommune som er sterkt avhengig av at , særlig , får rammevilkår som kan skape utvikling. Vi skal til Hyllestad kommune i Vestland fylkeskommune, hvor nesten halvparten av alle sysselsatte direkte eller indirekte er knyttet til sjømatnæringen. Her er Mowi Norgei og Firda Seafood Group de største aktørene, men også Blom Fiskeoppdrett As, Erko Seafood AS og Landøy har aktivitet her.

B-ferja på Leirvåg-Sløvåg kan stå for hoggFylkesutvalet i Vestland fylke har vedteke ei innstilling til Fylkestinget den...
28/09/2026

B-ferja på Leirvåg-Sløvåg kan stå for hogg

Fylkesutvalet i Vestland fylke har vedteke ei innstilling til Fylkestinget denne veka om å utsetje anbodsrunden med to ferjer på sambandet Leirvåg-Sløvåg. Firda Seafood Group reagerer sterkt på det vi fryktar kan ende i eit løftebrot. Fylkesdirektøren har i sitt forarbeid til saka sagt at det er naudsynt å vurdere å ikkje etablere B-ferje, med bakgrunn i behov for kostnadskutt i samferdsla.

Vi oppfattar innstillinga til Fylkestinget slik at løftet om to ferjer på Leirvåg-Sløvåg no blir pulverisert. Ein skubbar det ut i tid, under dekke av meir utgreiing. Det synest å vere ei oppfatning av at det kan bli enklare å få finansieringa på plass i framtida, utan tanke for dei ulempene ein påfører lokalsamfunn og næringsliv i mellomtida. Ein reflekterer heller ikkje over kostnaden med å forlenge den inneverande kontrakten. Vi legg merke til at Høgre og Framstegspartiet har foreslått å gå vidare med to ferjer frå 2030, men vart stemde ned mot ei overvekt på 1 stemme, 8 mot 9.

Vi har ei overhengande frykt for at Vestland fylke har rota seg vekk i kostbare pionerprosjekt, mellom anna på alternativ framdrift for hurtigbåtar og ferjer. Ein skulle vere fremst i verda. Om dette no endar som eit tilbakeslag for samferdsla i fylket, er det ei feilsatsing av historiske dimensjonar. Nokon må stå fram og svare for det.

Skal du ha noe godt til lørdagskvelden, da skal du velge Einerøkt Ørret fra Lofoten . Ørreten har vokst opp med omsorg i...
26/09/2026

Skal du ha noe godt til lørdagskvelden, da skal du velge Einerøkt Ørret fra Lofoten . Ørreten har vokst opp med omsorg i vann fra strie fosserløp, der brevannet treffer storhavet i Sogn Og Fjordane. Dette nye kvalitetsproduktet fra Lofoten er pakket i 300 grams stykker noe som gjør smak og kvalitet til en premium kvalitet. Prøv det på loff med godtsmør, Lofotens Einerøkte Ørret med eggerøre og persilledusk 😇😇😇 Firda Seafood Group Foto.: Hogne Inge Tyssøy

24/09/2026

Konverteringen fra supplyskip til Brønnbåt har vert suksessfull, bærekraft i alle ledd. Fartøyet ivaretar fiskevelferden på en særdeles god måte, Firda har svært god kompetanse på avlusing etter å ha behandlet 300.000.000 ørret termisk. På Eir har vi kjørt gjennom over 9 millioner fisk, med ekstremt gode resultat, meget lav dødelighet, knapt noe adferdsendring etter behandling, å raskt opp i appetitt. Trist at hverken Mattilsyn eller Nærings og Fiskeridepartementet verdsetter resultat, men er mer opptatt av papir å prestige. Se filmen om hvordan en drøm ble virkelighet, en investering for bedret fiskevelferd, vi nøyer oss ikke med prat, vi finner løsninger. Firda Eir er historien om hvordan Staten, og Mattilsynet ødelegger lyst, og glede, ved å drive inovasjon, om hvordan Staten effektivt rir prinsipper, uavhengig av resultat, å spenner bein under tiltak som bedrer velferd, og overlevelse i norske oppdrettsanlegg. https://www.facebook.com/share/v/1J8s6nf85J/?mibextid=wwXIfr

Det er for tida diskusjon kring Fiskeridirektoratet si framtidige lokalisering, og Firda Seafood Group ynskjer å uttrykk...
24/09/2026

Det er for tida diskusjon kring Fiskeridirektoratet si framtidige lokalisering, og Firda Seafood Group ynskjer å uttrykke at etaten i største grad er velkomen til å etablere seg i Gulen kommune. – Det ville vere ein stor fordel for forvaltninga å kome tettare på dei næringane dei skal styre over, samstundes som vi har ein god infrastruktur på plass for å etablere nye kontorarbeidsplassar.

Det føreligg planar om å samlokalisere Fiskeridirektoratet med Havforskningsinstituttet i eit stort nybygg på området Dokken i Bergen. Eit av ynskja ved denne etableringa er at forskingsfartøy skal kunne legge til kai like ved kontora. – Vi meiner denne løysinga er unødvendig dyr, med å legge beslag på eit slikt areal i sjøkanten sentralt i Bergen. Ved å byggje utanfor byområde kan staten få langt meir for pengane, og dei slepp å konkurrere om tomteland mot kapitalsterke interesser, seier samfunnskontakt Øyvind Kråkås i Firda Seafood Group.

- Vi vil framheve at Gulen har mange av kvalitetane som skal til for å legge arbeidsplassar hit. Gulen har god kapasitet i mykje av det offentlege tenestetilbodet, og store private investeringar har ført til at ein rekordstor del av innbyggjarane er sysselsette i privat sektor. Det ville vere på sin plass at staten flyttar noko av sin aktivitet hit, ikkje minst når det kan vere relevant for den marine og maritime kompetansen vi har i regionen.

– Dette vil kunne gje eit veldig løft for fleire kommunar, og samstundes vil staten spare pengar på å etablere seg i eit mindre fortetta område. Bergen er overoppheta når det kjem til samferdsel, bustadprisar og offentlege tenester. I staden for byggje ned her i utkanten, kan vi ta i bruk den ledige kapasiteten i eit velfungerande lokalsamfunn. Alle vil tene på dette. Til overmål vil dei tilsette i Fiskeridirektoratet kunne kjenne lukta av frisk sjø kvar einaste dag.

Les avisoppslag om saka:

Nordhordland https://www.nordhordland.no/milliardkonsernet-inviterer-fiskeridirektoratet-til-gulen/s/80-33-56

Strilen https://www.strilen.no/nyheiter/n/Gx7qB9/vil-ha-fiskeridirektoratet-til-gulen

En av våre viktigste oppgaver er å spre kunnskap om havbruksnæringen, veldig flott at lokale skoler benytter seg av visn...
23/09/2026

En av våre viktigste oppgaver er å spre kunnskap om havbruksnæringen, veldig flott at lokale skoler benytter seg av visningstilbudet på Skjerjehamn, en viktig næring for vårt område 👍👍👍

Akvakulturlinja ved Austrheim VGS er ein bærebjelke i vår satsing på lærlingar og rekruttering av ungdom til næringa og ...
20/09/2026

Akvakulturlinja ved Austrheim VGS er ein bærebjelke i vår satsing på lærlingar og rekruttering av ungdom til næringa og til lokalsamfunnet. Vi har lenge hatt eit tett samarbeid med skulen, men etableringa av ein felles undervisningskonsesjon i Gulen er eit stort løft.

Før helga hadde vi besøk av ein fin gjeng av elevar som utdannar seg for ei framtid i kysten si viktigaste vekstnæring. Takk for at de satsar saman med oss!

Foto: Ida Bårøy

Legg årets julebord til Skjerjehamn, og få ei unik førjulsoppleving
18/09/2026

Legg årets julebord til Skjerjehamn, og få ei unik førjulsoppleving

I sak etter sak ser ein at våre fremste politikarar skubbar byråkratiet, akademia og rettsvesenet framfor seg, i staden ...
18/09/2026

I sak etter sak ser ein at våre fremste politikarar skubbar byråkratiet, akademia og rettsvesenet framfor seg, i staden for å setje ein kurs. Dette er problematisk for demokratiet og tilliten til den politiske makta.

Les vår kronikk på ILaks i dag https://ilaks.no/politikk-ma-vere-krafta-til-a-handle/

Maktfordeling kan vere vanskelege greier. Akademikarar kan få lyst til å vere politikarar, og politikarar kan få lyst til å vere byråkratar. Byråkratar kan få lyst til å vere lovgjevarar, journalistar kan få lyst til å vere domstol. Det er lett å forstå freistinga til å ta seg til makt, eller fråskrive seg ansvar, skriv Øyvind Kråkås, samfunnskontakt i Firda Seafood Group

Lenke i kommentarfeltet

Adresse

Kalvøyna 75
Gulen
5970BYRKNESØY

Telefon

+4757781100

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Firda Seafood Group legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Firda Seafood Group:

Snarveier

Del