Garden ligg på sørsida av Vilnesfjorden, som var ein attraktiv fjord under krigshandlingane i siste verdskrigen. Fleire synlege merke etter denne tida finst her. Distriktet har rike funn av gravhaugar frå vikingtida, og i Korssund har vi ein steinkross frå Olav Tryggvasson si tid. Jakt og fiske har lange tradisjonar i Sogn og Fjordane. Vårt mål er å bygge vidare på dette ved å bearbeide godt norsk
viltkjøt. Viltbestanden har auka eksplosivt i fylket dei siste 20 åra og krava til jeger og leverandør aukar i takt med dette. Hjorten beitar i alt frå høgfjell til skog og utmark, også heilt nede ved kysten. Dessutan finn vi hjort på somme av øyane. Matvanene til hjorten er difor heilt naturlege og avhengige av områda, og set eit tydeleg preg på kjøtet. Knoppar og kvistar frå blant anna rogn, bjørk og alm gir ein merkbart sterkare viltsmak enn hos oppdrettshjort som nærer seg på kraftfôr. På garden Skogheim på Furset i Fjaler kommune starta vi for nokre år sidan kontrollstasjon og mottak for handsaming og vidaresal av hjort. Her får du både fersk, fryst og speka hjortekjøt. I tillegg til at vi har utsal på garden, er produkta å få tak i på Bondens Marknad i Bergen gjennom heile året, samt på store matfestivalar om sommaren. Årets høgdepunkt er Gladmatfestivalen i Stavanger, med kring 100 utstillarar og 250 000 gjestar frå heile verda! Kystvilt leverer også til hotell, restaurantar og butikkar i heile landet: "Vi er glade for å bruke de små leverandørane fordi de får tak i ypperste kvalitet av ting som er vanskelig å få tak i. De tar vare på lokalsamfunnet ved å videreføre tradisjoner. For meg er det viktig at det blir skapt et næringsgrunnlag i lokalsamfunnet som kan videreføres til oss i byen."
- Bent Stiansen, verdensmeister i kokkekunst i 1993 og eigar av Statholdergaarden restaurant.