30/09/2026
Kjem haustferien brått på? Me tilrår ein tur til Fedje! 🍂
Vil du bade, ta badstove, overnatte i ei rorbu eller leige ei leilegheit? Eller kanskje du kjem på dagstur for å ete suppe eller ei svele?
På Fedje kan du gå tur, spele frisbeegolf, nyte den friske lufta og sjå litt til oss som bur her ute. Me er om lag 500 fastbuande, og øya har mykje spennande historie. Du kan fiske frå land eller undersøkje moglegheitene for størjefiske.
Turen utover er ei oppleving i seg sjølv. Frå Alversund kan du stikke innom Gabben og fylle på før du køyrer utover Radøy. På Sletta kan du besøkje Utvandrarmuseet, eller berre nyte turen vidare mot Austrheim. Den siste biten ut til Sævrøy tek rundt ti minutt, og her ser du korleis landskapet endrar seg.
På kaien i Sævrøy kan du setje frå deg bilen og ta ferja gratis over til Fedje. Der kan du leige sykkel. Her finn du òg den vesle butikken og kafeen vår. Jentene på kaien held ope frå torsdag til søndag neste veke uansett vær. Me har laga quiz for dei minste – med gode premiar! Har varme rettar og gode historier.
På øya kan du gå den grusa Nordsjøløypa, følgje stolpane eller rusle mellom husa og nausta rundt hamna. Denne veka kan du òg få med deg både glasskunst og målekunst.
Me gler oss til å sjå deg på kaien! ♥️
Dette er Randi som kose seg i Husavatne saman med oss i Badeklubben. ♥️